søndag 27. juni 2010

Verdens beste kollegaer!!

No er ferien her, og det er fantastisk deilig!! Eg har berre slappa av, vore med veninner (på dagtid!!), strikka og gjort ingenting...
Men eg må vise fram kor greie kollegaer eg har! Siste skuledag vart eg nemlig overøst med gåver!
Desse utruleg flotte peonene fekk eg av T som eg skal overta som kontaktlærar etter. Me har jobba veldig godt ilag i år, og eg har lært utruleg mykje av ho. Eg har store sko å fylle...
Av ein elev fekk eg denne kjempesøte tomatplanta! Den står no og koser seg i vinduskarmen ilag med alle orkideane mine. No er eg spent på om eg klarer å holde liv i denne lenge nok til at det kjem tomater på den. Nokon som har tips til stell?
C er ein kjempeflink lærar som dessverre forlater oss etter berre eit år. Sidan me ikkje bur så langt ifrå kvarandre, har han kjørt med meg til jobb i vår, sidan den lille bilen hans sa takk for seg. Det holdt ikkje lenger med gaffa-tape... :)
Eg og C har i heile år som regel vore dei fyrste til å komme på kontoret om morgonen, og det var nok derfor eg fekk denne kjempefine Flittig Lise.
Av kjempeflinke assisten L, som har vore med på å gjere symjetimane med 5.trinn til koselege pratestunder, fekk eg denne kjempesøte telysholdaren. Den passer supert til campingvogna
Eg har faktisk ikkje berre lata meg sidan eg gjekk ut i ferie. I helga var det på tide å gjere noko med dei stygge bokhyllene, som ikkje passa til noko.
I bakgrunnen ser du neste bokhylle som står for tur, og slik såg også den no brunmåla hylla ut. Eg må sei at eg er veldig fornøyd.
No er målinga tørka, bokhylla er tilbake på plass med bøker i, og det ser veldig bra ut! Eg sit og vurderer om eg skal setje i gang med neste hylle i dag, eller om eg skal vente til i morgon, og heller bruke søndagen på å kose med husbond. :)
Målinga kan jo vente til i morgon når han er på jobb (bortsett frå at eg skal til tannlækjaren i morgon... :/) Jaja, eg har ein heil, deilig ferie å måle på!
Ha ein strålande søndag!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)