søndag 12. september 2010

Striper

Jammen klarte eg ikkje å presse inn litt strikketid denne veka og. Heldigvis var denne lille strikketida på slutten av veka akkurat nok til å gjere ferdig ikkje berre eitt, men to prosjekt!! Fyrst ut var stripebuksa frå Strikk til nøstebarn. Eg gjer tydelegvis opprør mot tanken på at barnetøy skal vere rosa eller blått.. Kvifor ikkje lage striper av grønt, kvitt og brunt?
Eg var visst litt for ivrig då eg strikka beina. Eg fann ut at lange bein ligg litt til familien (på mi side) og då er det greit med lange bein på buksa og. Men her tok eg visst litt hardt i... :o) Buksa er strikka i Shetland Soft frå Malsen og Mor.
Forrige helg var eg heime hos mams og paps, og innimellom husbeisinga fekk eg tid til å begynne på ei hue. Denne hua vart eg tipsa om av Unsepus. Mi hue ser litt annleis ut enn Unsepus si, men eg syns den vart fin allikevel! Eg strikka ein enkstra omgang med fletting, fordi eg syns den var litt kort. Hua er strikka i Safir frå Spar Kjøp
Utanfor ser det ut til at hausen har tatt tak. Heldigvis er eg forberedt!!
Tidlegare i sommar var eg ein tur på Ikea, og jammen hadde dei ikkje salg på eit pledd som eg fann ut kom til å passe perfekt i sofaen.
Sjølv med mine 174 cm, og ein smule omfavnsrike kropp, ser dette teppet ut som eit timannstelt!!
Men no bør eg vel sei at teppet faktisk er eit sengeteppe... :o)
Eg skal iallefall ikkje fryse i vinter!!!
Har du gjort forberedelser til hausten?

5 kommentarer:

  1. Vi skulle gjort noen forberedelser til høsten ja.. Er mye ute som står i fare for å blåse bort snart. Den dørstokkmila vet du... ;-)

    Buksa er jo kjempedeilig å ha på for en liten baby. Jeg synes også det kan bli vel mye pastell, blått og rosa i babytøyet. Det kan godt være litt røffe farger også, og det gjør ingenting at beina er lange. :-)

    SvarSlett
  2. hehehe :-D Herlig bilde. Jeg strikker huer og sokker til høsten og vinteren. Heldigvis har jeg flyttet inn i en varm leilighet nå, så ikke sikkert jeg trenger så mange ullgensre som tidligere.

    SvarSlett
  3. Eg er så glad for at me berre har ein terasse å rydde, og der er det eigentleg ikkje noko å rydde... :o)

    Møblane skal få lov til å stå ute denne vinteren også, og plantane mine overlevde forrige vinter, så då satser eg på at det går bra denne vinteren og.


    Huer og sokkar får ein aldri for mykje av! Ullgensere til meg sjølv trur eg at eg skipper i år... :o)

    SvarSlett
  4. Nydelege fargar til den ullbuksa. Hald fram som du stemner :-) einig i at rosa og ljoseblått er kjedeleg og forutsigbart.

    SvarSlett
  5. Bra det ikkje er berre eg som jobber mot "rosa-tyrraniet"! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)