torsdag 17. november 2011

Når en pepperkake baker...

I år fann eg ut at det kunne vere lurt å starte tidleg med julebaksten.
Om berre nokre få dagar er permisjonen min slutt, og eg kan tenke meg at energinivået om kvelden også vert kraftig endra.

Fyrste slaget ut var pepperkaker.
Det var så kjekt å bake pepperkaker i år!!
Eg hadde jo verdas søtaste lille assistent til å hjelpe meg med bakinga.
Han bakte heilt sjølv (host, kremt....)
ein kakeboks full av små, velsmakande pepperkaker. <3


Jojo storkoste seg med bakinga, og jafsa laus på både kjevlet og formene.
Eg hadde kjøpt nokre søte små former som han fekk bake med.
Legg også merke til det fine forkleet. Mammaen har "sjølvsagt" matchande. :o)

Etter at Jojo var lagt, var det på tide for mor å setje igang med den "seriøse" pepperkakebakinga.


Pepperkakehus må ein sjølvsagt ha når det er jul :o)
Eg har faktisk baka pepperkakehus (med heimelaga deig, ingen kjøpedeig her i gården!)
kvart år sidan eg var 17.
Huset vert framleis litt vindskeivt, men slik skal det vere når det er heimelaga.

Etter at Jojo hadde vore så flink til å bake pepperkaker,
syns eg nesten at han måtte få ein bitteliten smakebit.
(han har aldri fått noko anne enn skikkeleg babymat, bortsett frå den gongen pappaen gav han muffins då han var 2 månadar!! Då var mor fornøyd...)


Ein halv liten kakegris forsvann inn i munnen, men eg er ikkje heilt sikker på kva han syns.
Det mest positive med det, var at heile gutten lukta pepperkake resten av dagen. <3
Gjett om mammaen snuste litt ekstra då...

Ha ei strålande førjulstid, om du har bakeassistent, eller om du kjøper kakene i butikken!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)