søndag 30. august 2015

Dåpskake til ein fotball-gutt

I helga har eg fått lage dåpskake til ein liten skjønning.
Egentlig hadde me snakka om ei 25 cm kake, med bamse, fotball og baby på.
Eg fant ut at eg måtte ta meg nokre "kunstneriske friheter". :)
 
 
 Så, plutselig vart det ei 2 etg kake, 23cm og 17cm.
Sjokoladekake fylt med bringebærmousse og sjokoladekrem av Callebaut sjokolade.
 Trekt med Pals marsipan, medan pynten er laga av heimelaga sukkerpasta.
 
 
Pappaen er veldig glad i fotball, så derfor kledde eg babyen i "fotball-drakt", med nr 14 på ryggen (det gamle nummeret til pappaen). :) Bamsen laga eg litt tjukk og lodden, med tutt i munnen.
 
 
 Rundt kaka har eg brukt spiselig blonde som eg ha farga blå og grå. Kakebrettet trekte eg med sukkerpasta, og prega med rutemønster.
 For å få ein fin kant rundt, festa eg ein supersøt tape eg fann på ein hobbybutikk rundt. 
 
 
Eg har brukt etande bilete på denne kaka, men sidan eg ikkje er så glad i å ete babyer, laga eg ei bilderamme til bilete istadenfor.
 
 
Nokre blå roser, og kvite blomar med ei blå perle i utgjorde siste rest av pynten.
 
 Spør gjerne om det er noko du lurar på. :)
 
Håpar du har ein super dag!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)