lørdag 26. september 2015

Spiderman-kake

I dag skal gutten til ei venninne av meg feire 6 årsdagen sin.
Han hadde veldig lyst på ei Spiderman-kake, og den skulle smake "snop".
Han hadde stor tru på at eg ville fikse dette, så då var det jo ikkje anna å gjere. ;)
 
Ein av gutane i selskapet må halde seg unna laktose, så då var det greit å ta hensyn til det.
 
Eg laga sukkerbrød (Nettbakerens bunnmasse) som eg fylte med kremost-krem smaksatt med Tuttifrutti-essens.
 
200gr Melange utan mjølk og salt
300gr melis
125 gr laktosefri kremost frå Tine
2-3 dråpar Tuttifrutti-essens frå LorAnn
ca 1 ss sitronsaft.
Rør Melange og melis kvitt og luftig.
Tilsett kremost, essensen og litt sitron og bland saman.
Smak til med meir sitron eller essens.
Denne smakar Snop, altså ganske søtt. Vær forsiktig med essensen, det er ikkje mykje som skal til!
 
I midten av kaka gøymde eg ei overrasking.
 
Gelè-godteri!
Kremen farga eg litt rosa og blå, for at det skulle sjå endå meir "snopete" ut. :)
Så var det utsida... Eg er ikkje akkurat noko racer på å modellere mennesker, men eg fant ein tutorial på Pinterest, og gjorde eit forsøk.
 

Spiderman kravlande over byen, skytande på spindelvev.
Langt ifrå perfekt, men forhåpentligvis vert bursdagsguten fornøyd. :)

Spiderman fekk akkurat plass på kaka. ;) 
 
Håpar du får ei superfin helg!!!


2 kommentarer:

  1. Skikkelig stilig med overraskelsen i midten!

    SvarSlett
  2. Fekk tilbakemelding om at alle hadde likt kaka. Dei hadde til og med spist Spiderman! :) Hahaha!

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)