søndag 13. desember 2015

Lussekattar

Santaaaaaaa Luciaaaaa!
 
Heilt sidan eg og mannen vart ilag (for snart 17 år sidan)
har eg alltid gått Lucia til han, tidleg om morgonen.
Tidlegare har eg alltid bakt Lussekattar med Gurkemeie istadenfor Safran,
men i år bestemte eg meg for å "go all in", og bruke Safran.
 
Eg brukte denne oppskrifta, frå Det søte liv.
 
Denne oppskrifta bruker samme framgangsmåte som Verdens beste boller,
bortsett frå at dei har bytta ut kardemomme med safran.
Eg likar bolleoppskrifta veldig godt, då eg får luftige bollar, som ikkje vert tørr med etter ein dag.
 
Eg brukte litt mindre gjær denne gongen, sidan eg planla å både for- og etterheve.
Derfor brukte eg 50gr fersk gjær, og ca ein halv pose tørrgjær.
Deigen var kjempegod å jobbe med, og det var lett å trille ut lussekattane.
Fargen var også nydeleg gul.
Sluttresultatet såg faktisk veldig bra ut, og eg var veldig spent på å smake.
 
 
Eg har aldri smakt safran før, så eg var ikkje heilt sikker på kva eg kunne forvente meg.
Eg må innrømme at eg vart litt skuffa.
Eg synes faktisk at Lussekattar laga med gurkemeie, og bittelitt kardemomme smakar mykje betre.
Men, då har eg i alle fall prøvd det, og kan frå no av spare meg dei pengane safranen kostar. ;)
 
 
Håpar DU få ein fantastisk Lucia -  og 3. søndag i advent.
Her stå pepperkakebaking på planen. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)