onsdag 9. desember 2015

Potemjølstoppar med ekte vanilje

Eg og ungane har bakt litt meir i dag.
Denne gongen vart det Potemjølstoppar (eller sandnøtter... kjært barn har mange navn).
Farmor laga alltid dei beste potemjølstoppane,
men etterkvart har eg begynt å få teken på dei eg og.
 
I år bestemte eg meg for å prøve noko litt nytt, og resultatet vart svært vellykka.
 
250gr smør
250gr sukker
 1 egg
500gr potetmjøl
125 gr kveitemjøl
5 ts vaniljesukker (det var her eg forandra litt;
eg brukte 3 ts vaniljesukker, og frøene frå ei stor vaniljestang.)
 
Rør smør og sukker kvitt.
Eg hadde frøene frå vaniljestanga i med ein gong, for å få dei godt rørt ut i deigen.
Tilsett egg, før du du har i det tørre.
 
Rør til deigen samlar seg.
 
Rull små kuler på størrelsen med ei lita nøtt.
Sett på eit bakebrett med litt avstand, og steik på 180 grader i 7-10 min.
Kakene er ferdige når dei så vidt har blitt biiiiittelitt brune heilt nederst.
 

Dei små svarte prikkane frå vaniljestanga ser slettes ikkje så verst ut.
Berre lukta når ein steikte kakene er verdt det,
og då gjer det jo ingenting at smaken var fantastisk også!
 
Når eg baker med ungane veit eg aldri heilt kva som kan skje.
 
Dei er veldig glad i å bake pepperkaker, så då vart det litt kjedeleg å berre lage kuler.
Dermed vart det ikkje berre potemjølstoppar, men også potemjølsstjerner, potemjølshjerter og potemjølsblomar. :)
 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)