lørdag 8. mai 2010

Rillestrikka omslagsjakke

Akkurat no er eg inne i ein periode der eg ikkje er heilt sikker på kva eg skal strikke. I vinter strikka eg mange store plagg til meg sjølv, så no for tida er det deilig å berre strikke småplagg. Derfor strikker eg meg gjennom boka Strikk til Nøstebarn. Det siste eg har strikka er ei rillestrikka omslagsjakke.

For å pynte opp litt, hekla eg tre blomar som eg sydde på nederst.

Knytebåndene laga eg ved å hekle luftmasker.

Eg er veldig fornøyd, og syns at jakka vart søt og fin. :)

Jakka er strikka ovanfrå og ned, så den var kjekk å strikke også. No prøver eg å strikke samme jakka i glattstrikk.

2 kommentarer:

  1. Jakken ble veldig fin. Synes at det grønne frisket den opp. Jeg har selv strikket og synes at det gikk fort og greit. Var litt usikker på hvor jeg skulle plassere heklebåndene, så tok det litt på slump.

    SvarSlett
  2. Eg syns at jakka vart veldig vårleg/sommarleg, så eg likte den. Enig med deg og heklebåndene, tok det litt på slump eg og! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)