torsdag 27. mai 2010

Strikkeoppdatering!!

Her kjem endeleg litt oppdatering på strikkefronten!
Til jul for 2 år sidan fekk eg eit kjempefint oppskrifthefte av Husbond. No har eg endeleg fått strikka noko ifrå det!
Denne søte kjolen har eg strikka i Ullteppegarn. Kanskje det ikkje mest ultimate garnet å strikke ein barnekjole i, men eg prøver desperat å verta kvitt litt av garnlageret.
Kjolen har eit flott holmønster på skjørtet, og er rillestrikka på overdelen.
Sjølvsagt trengtes det knappar, og valget falt på desse søte, rosa knappane.
Kjolen vart ferdig då eg var heime i Playa del Heimbygd i helga. Heldigvis hadde eg eit garnnøste med Alpa frå Trysil garn med meg, så eg la opp til det eg såg for meg skulle verta ei lite rillestrikka bukse. ( eg har lært ei veninne av meg å strikke bukse, så eg viste at eg skulle legga opp 108 masker på str. 2-4 år) Dessverre (eller heldigvis?) viste det seg at alpa-garnet var tjukkare enn nøstebarn garn, så buksa vart ganske så stor kan ein sei.
Lure meg, fann då ut at eg berre kunne strikke den lenger, så ville den nok passe til den store 4-årige barnehagejenta som eg er så heldig å vere tante til. Som sagt så gjort. Lilla med rosa striper, to dagar på kurs og ein kveld på strikkekafè, og VIPS!
Hadde eg SÅ mange trådar å feste... Og dette er berre på den eine leggen...
Det blir SÅ mange trådar!! Men resultatet vart jo ikkje så gale då...
Lang og god, slik at den kan brettast opp, og brukast lenge under regnklede og bobledress.
Kjærleik i kvar ei maske! :)
Eg hekla ein tråd til å snøre saman buksa med, men eg trur eg må ta meg ein tur og sjå etter strikk i stadenfor...
Så... då var det berre å finne på noko nytt å strikke på...
Har du tips?

4 kommentarer:

  1. Flott bukse! Synes alltid de ser så rare ut uten barn inni :-) Som ansatt i barnehage vil jeg absolutt anbefale strikk i livet.

    SvarSlett
  2. Ja, buksa ser litt lang og uformeleg ut, men eg håpar eg snart får prøvd den på sussetrollet. :o)

    Så greit at du kjem med anbefalingar! Då skal eg ut på jakt etter strikk! Trur du det er mogleg å få tak i rosa strikk??

    SvarSlett
  3. Flinke du!!!
    Tror jeg må bestille litt barneklær laget av deg når vi får barn:) 1 stk monsterbukse og 1 stk kjole:)

    SvarSlett
  4. Fnis! Ja, den monsterbuksa får eg vel prøve meg på snart. I dag gjekk eg berserk på Spar Kjøp, og kom heim med ein pose full av garn...

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)