lørdag 29. mai 2010

Var det nokon som sa garnslanking?

Jadda... Her har eg vore SÅ flink, og har omtrent ikkje kjøpt eit garnnøste sidan jul, og har iherdig prøvd å slanke garnlageret mitt så mykje som mogleg... Eg skulle jo berre ein liiiiten snartur innom Spar Kjøp, og eg skulle berre kjøpe tre nøster lyseblå Silja, og to nøster lysegrå Silja... Nemlig... Kva kom eg ut med? Ein stappfull bærepose!
Denne fargen her syns eg var så fin, og det må vel være mogleg å strikke ei lita trøye eller ei bukse av dette?
Denne fargen er litt mørkare, og eg kunne godt tenkt meg å strikke ein gensar til meg sjølv i denne fargen. I dag kjøpte eg tre nøster, og har planar om ei lita trøye eller bukse.
Desse nøsta derimot, har eg tenkt at skal bli ein gensar til meg sjølv! Fin, lys lilla farge. Det vert fint no til sommaren og utover hausten... :o)
No må eg berre vere flittig, og få ferdig den lyseblå babyjakka eg begynte på i går... Eg trur jammen meg at eg skal ta med meg strikketøyet ut i sola på terassen, og la pinnane gå!
Ha ei strålande helg alle saman!!!

4 kommentarer:

  1. Hahaha, jeg er ikke alene om å ha et lite shoppingproblem, ser jeg.

    SvarSlett
  2. Nope, det er du altså ikkje... :o)

    SvarSlett
  3. Ha, ha, kjenner til det der. Eg var innom Nille for å kjøpa noko stæsj til barnebursdag då eg oppdaga at dei hadde nydeleg baby merino garn. 5 nøste på no time.

    SvarSlett
  4. Det er så kjekt å høyre at eg ikkje er åleine! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)