lørdag 12. juni 2010

Spa-dag med Lillian

Eg og Lillian har bursdag på same dag, og mannane våre er gode fiskekompisar. Så då me hadde bursdag tidlegare i år, fekk me gåvekort på boblebad, bodyskrubb og massasje. No var tida komen for å bruke gåvekortet. Me fekk kose oss lenge i deilig, varmt boblebad, som var me på å løyse opp stive musklar som skrik etter ferie.
Etterpå vart me skrubba, dusja, smurt inn, pakka inn i folie, dusja og massert.
Sjølve behnadlinga var deilig, men dessverre vart opphalde litt øydelagt av at dei var underbemanna, og at betjeninga rett og slett var litt uproffesjonell. For det fyrste, me hadde time kl. 16.00, og slapp ikkje inn før 16.45. Me vart gløymt i badekaret, og då me skulle ligge å "slappe av og sveitte" i innpakninga vår, var det nokon som fekk spraytan rett utanfor døra, og ungar sprang rundt. I tillegg måtte "mi" massøse springe og ta telefonen då ho skulle massere meg, og ho var VELDIG påpasseleg med å fortelje meg kor utruleg tørr ansiktshuda mi er (ho ville sjølvsagt selge meg ein krem til 550kr.)
Greit nok å sei ein gong at huda di er tørr, du bør tenke på å bruke ein annan hudkrem, men ein treng ikkje mase om det i eit kvarter...
For at dette ikkje berre skal bli eit "syte-innlegg", slenger eg med eit bilete av cosmopolitan-drinken eg fekk då eg og Lillian var på FØR-premiera av Sex og Singelliv 2-filmen forrige veke.
No skal eg sette meg i sofaen, og slappe heile at med strikketøyet. Den flotte jakka eg strikker på er snart ferdig, så det er nok ikkje så lenge til det kjem bilete av den i bloggen. :)
Håper du har ei fantastisk helg!!

1 kommentar:

  1. jepp... enig... vi var nok litt uheldige der..

    Ha en flott helg videre;) Klem klem:)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)