søndag 30. august 2015

Dåpskake til ein fotball-gutt

I helga har eg fått lage dåpskake til ein liten skjønning.
Egentlig hadde me snakka om ei 25 cm kake, med bamse, fotball og baby på.
Eg fant ut at eg måtte ta meg nokre "kunstneriske friheter". :)
 
 
 Så, plutselig vart det ei 2 etg kake, 23cm og 17cm.
Sjokoladekake fylt med bringebærmousse og sjokoladekrem av Callebaut sjokolade.
 Trekt med Pals marsipan, medan pynten er laga av heimelaga sukkerpasta.
 
 
Pappaen er veldig glad i fotball, så derfor kledde eg babyen i "fotball-drakt", med nr 14 på ryggen (det gamle nummeret til pappaen). :) Bamsen laga eg litt tjukk og lodden, med tutt i munnen.
 
 
 Rundt kaka har eg brukt spiselig blonde som eg ha farga blå og grå. Kakebrettet trekte eg med sukkerpasta, og prega med rutemønster.
 For å få ein fin kant rundt, festa eg ein supersøt tape eg fann på ein hobbybutikk rundt. 
 
 
Eg har brukt etande bilete på denne kaka, men sidan eg ikkje er så glad i å ete babyer, laga eg ei bilderamme til bilete istadenfor.
 
 
Nokre blå roser, og kvite blomar med ei blå perle i utgjorde siste rest av pynten.
 
 Spør gjerne om det er noko du lurar på. :)
 
Håpar du har ein super dag!!


lørdag 22. august 2015

Pikekyss

Kva gjer ein når ein har tre eggekviter til overs etter å ha laga appelsincurd?
Lager rosa pikekyss! :)
 


Personleg bursdagskake til kollega

I mai fylte ei av mine flotte kollegaer 40 år, og eg fekk lov til å lage kake til ho.
No skal ho feire ilag med klubbvenninner, og jammen fekk eg ikkje lage ei kake til ho denne gongen også! Helst lik den forrige.
 
Her er kaka eg laga i mai. Den viser ein buss, og ei som venter på bussen. Mary hadde nemleg fortalt meg korleis ho og mannen traff kvarandre. I tillegg viser den New York Skyline, sidan ho nyleg var i New York, og forelska seg i byen.  Kirsebærtreet med rosa blomar viser også til New York.
 Kaka eg laga denne gongen. Litt større Kirsebærtre, og "Peoner" i stadenfor roser.


Bussen og New York var med på denne kaka også.
Under sukkerpastaen skjuler det seg ei saftig sjokoladekake fylt med bringebærmousse av villbringebær, appelsincurd og sjokoladesmørkrem av Callebaut sjokolade.


søndag 16. august 2015

Safting og sylting

Eg er så heldig, at rundt hagen veks det villbringebær.
I dag, medan Snuppeline sov lur, og storebror var på leikebesøk, fekk eg plukke bær i ro og mak.
Det var ikkje så veldig mykje som var modent endå, men eg fekk plukka 400gr. Nok til eit lite glas med deilig syltetøy. :)
 

For ei vekes tid sidan, posta ein kollega av meg bilete av Geitrams-saft, ilag med oppskrifta.
Dette synes eg såg så spanande ut, at eg tenkte eg skulle testa det ut.
Så, etter at eg hadde plukka bringebær, ribba eg all geitramsen rundt huset.


 
No står geitramssaft til trekking, og bringebærsyltetøy står i kjøleskapet og venter på vafler. :)
 
Om du også vil prøve å lage saft, er dette oppskrifta.
 


lørdag 15. august 2015

Elefanter i gult og grått

I helga har eg laga to små kaker, og 40 cakepops til ei jente som vert 2 år. :)
 

Ei 17 cm gulrotkake fylt med kremost-frosting.
Trekt med Pals marsipan.
 


Brettet er også pynta med elefantar.
 
Fargetema for bursdagen var gul, grå og kvit.
Sidan bursdagsjenta skulle feirast med både familieselskap og barneselskap,
vart me enige om to små kaker, istadenfor ei stor.
 
Denne kaka er 21 cm stor.
 Eg har brukt elefant som pynt her også, men i ein litt annan variant.
Denne gulrotkaka er også trekt med Pals marsipan, men her har eg farga den lys grå.
Eg har også spraya kaka og brettet med litt etande perlemor-spray.
 
 
 Til denne bursdagen laga eg også 40 cakepops.
Her trudde eg at eg hadde fått tak i perfekte former til å sette kakekulene i, men så viste det seg at dei var litt for små. Det var nemlig ikkje så lett å få tak i anten gule eller grå former i rette størrelsen.
Heldigvis hadde eg nokre svarte former med kvite prikkar, så eg håpar det er godkjent. :)
Gule papairsugerør som er pynta med anten "Hipp Hurra"-vimpel, eller glitrande sølv-vimpel.
Sølv-vimpelen er laga av glitter-tape som eg kjøpte på ein hobby-butikk.
Den tapen var genial, og eg har tenkt å gå til innkjøp av fleire! :)
"Hipp hurra"-vimpelen er klistremerke som eg kjøpte på Søstrene Grene i sommar.
Skulle gjerne hatt fleire av dei også, men det er ikkje ofte eg kjem meg på SG.
 
 
Kakekulene er sjokoladekake-smular blanda med sjokoladeostekrem. Desse er rulla til kuler og fryst, før ein dypper dei i smelta sjokolade. Pynta med gule perler. :)
Eg hadde smaksprøvar med på jobb, og der vart dei svært godt mottatt. :)


søndag 9. august 2015

Bakedag

Eg må nok innrømme det, eg likar best å vere åleine på kjøkkenet når eg bakar.
Eg likar at ting vert gjort på "min måte", så å bake med ungane vert fort litt stressande.
Men, eg prøver å la dei få vere med av og til. :)
I morgon er det tilbake på jobb for meg, så då passa det også bra å fylle opp frysen litt. ;)
 
 Snuppeline jobbar konsentrert med å strø sukker på deigen sin.

Storebror kosar seg med jobben. 

Snuppeline gjekk for det tradisjonelle skillingsbolle-"designet" (med litt hjelp av mammaen.. ;) )
 

Medan storebror gjekk for ein litt meir utradisjonell design... :)
 
 


 
Medan mammaen gjekk for knutar.
Dei til venstre er fylt med mammaen min sitt heimelaga eplesyltetøy og kanel,
medan dei til høgre er med smør, sukker og kanel.


Heilt ærleg, fins det noko betre enn nysteikt gjærbakst?
 

Eg har brukt denne oppskrifta Verdens beste boller


onsdag 5. august 2015

Test-kake

Det viktig å teste nye oppskrifter avogtil.
Og det beste med å teste nye oppskrifter, er å smake på resultatet! :)
 

 
Deilig gulrotkake med masse gulrot, og litt raspa eple.
Eg har brukt denne oppskrifta: http://www.detsoteliv.no/oppskrift/gulrotkake-i-langpanne
men eg har tilsett litt raspa eple. Eg delte oppskrifta i 2, og ein halv gong til.
Eg har steikt kaka i ei 22 cm form.
 


På toppen er ein silkemjuk ostekrem med litt sitron og ein dråpe heimelaga vaniljeessens.
 

 
Håpar du har ein fantastisk kveld!
 


Heimelaga syltetøy

I dag var eg så heldig at eg datt over eit tilbod på syltebær, 10 kr korga.
Mangen av bærene var ganske stygge, så mykje vart skore vekk.
 
Men heldigvis vart det nok igjen til litt syltetøy til oss.
Dette vert godt til pannekaker, vafler og som kakefyll. :)

søndag 2. august 2015

Dåpskake til RN

I helga har eg fått lage ei 2 etasjers dåpskake.
Det er så kjekt når ein får lage litt større kaker, og leike seg med "designet"
på ein annan måte når ein får fleire etasjer. :)
 
Eg er veldig fornøyd med idèen til kaka, men dessverre gjorde eg
nokre småfeil når eg skulle legge pynten på.
ØVEØVEØVE!!!
 
Vaniljekake fylt med jordbærsyltetøy,
ferske jordbær og kvit sjokoladeostekrem.
Kaka er trekt med Pals Marsipan, medan pynten er laga av heimelaga sukkerpasta.
 
 
2 lag med bær, og 1 lag med kvit sjokoladeostekrem.

 
Ei glatt overflate er viktig for eit godt resultat.
 


Eg gjekk for eit firkanta kakebrett denne gongen.
Det vart trekt med marsipan, og pynta.
 


Den ferdig kaka!
All pynt er laga av heimelaga sukkerpasta. Bilete i ramma er også etande. :)
Fotspora er skoren ut på frihand.


 
Eg pynta ramma med bamsar, kaniner, gyngehest og liknande. :)
 

 
Gyngehest

 
Babyen på toppen har fått på seg ei lita selebukse, og ein caps.
 

Håpar de likte kaka. :)
Legg gjerne igjen ein kommentar.