I helga har eg laga to små kaker, og 40 cakepops til ei jente som vert 2 år. :)
Ei 17 cm gulrotkake fylt med kremost-frosting.
Trekt med Pals marsipan.
Brettet er også pynta med elefantar.
Fargetema for bursdagen var gul, grå og kvit.
Sidan bursdagsjenta skulle feirast med både familieselskap og barneselskap,
vart me enige om to små kaker, istadenfor ei stor.
Denne kaka er 21 cm stor.
Eg har brukt elefant som pynt her også, men i ein litt annan variant.
Denne gulrotkaka er også trekt med Pals marsipan, men her har eg farga den lys grå.
Eg har også spraya kaka og brettet med litt etande perlemor-spray.
Til denne bursdagen laga eg også 40 cakepops.
Her trudde eg at eg hadde fått tak i perfekte former til å sette kakekulene i, men så viste det seg at dei var litt for små. Det var nemlig ikkje så lett å få tak i anten gule eller grå former i rette størrelsen.
Heldigvis hadde eg nokre svarte former med kvite prikkar, så eg håpar det er godkjent. :)
Gule papairsugerør som er pynta med anten "Hipp Hurra"-vimpel, eller glitrande sølv-vimpel.
Sølv-vimpelen er laga av glitter-tape som eg kjøpte på ein hobby-butikk.
Den tapen var genial, og eg har tenkt å gå til innkjøp av fleire! :)
"Hipp hurra"-vimpelen er klistremerke som eg kjøpte på Søstrene Grene i sommar.
Skulle gjerne hatt fleire av dei også, men det er ikkje ofte eg kjem meg på SG.
Kakekulene er sjokoladekake-smular blanda med sjokoladeostekrem. Desse er rulla til kuler og fryst, før ein dypper dei i smelta sjokolade. Pynta med gule perler. :)
Eg hadde smaksprøvar med på jobb, og der vart dei svært godt mottatt. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)