søndag 16. august 2015

Safting og sylting

Eg er så heldig, at rundt hagen veks det villbringebær.
I dag, medan Snuppeline sov lur, og storebror var på leikebesøk, fekk eg plukke bær i ro og mak.
Det var ikkje så veldig mykje som var modent endå, men eg fekk plukka 400gr. Nok til eit lite glas med deilig syltetøy. :)
 

For ei vekes tid sidan, posta ein kollega av meg bilete av Geitrams-saft, ilag med oppskrifta.
Dette synes eg såg så spanande ut, at eg tenkte eg skulle testa det ut.
Så, etter at eg hadde plukka bringebær, ribba eg all geitramsen rundt huset.


 
No står geitramssaft til trekking, og bringebærsyltetøy står i kjøleskapet og venter på vafler. :)
 
Om du også vil prøve å lage saft, er dette oppskrifta.
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)