I mai fylte ei av mine flotte kollegaer 40 år, og eg fekk lov til å lage kake til ho.
No skal ho feire ilag med klubbvenninner, og jammen fekk eg ikkje lage ei kake til ho denne gongen også! Helst lik den forrige.
Her er kaka eg laga i mai. Den viser ein buss, og ei som venter på bussen. Mary hadde nemleg fortalt meg korleis ho og mannen traff kvarandre. I tillegg viser den New York Skyline, sidan ho nyleg var i New York, og forelska seg i byen. Kirsebærtreet med rosa blomar viser også til New York.
Kaka eg laga denne gongen. Litt større Kirsebærtre, og "Peoner" i stadenfor roser.
Bussen og New York var med på denne kaka også.
Under sukkerpastaen skjuler det seg ei saftig sjokoladekake fylt med bringebærmousse av villbringebær, appelsincurd og sjokoladesmørkrem av Callebaut sjokolade.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)