søndag 2. august 2015

Dåpskake til RN

I helga har eg fått lage ei 2 etasjers dåpskake.
Det er så kjekt når ein får lage litt større kaker, og leike seg med "designet"
på ein annan måte når ein får fleire etasjer. :)
 
Eg er veldig fornøyd med idèen til kaka, men dessverre gjorde eg
nokre småfeil når eg skulle legge pynten på.
ØVEØVEØVE!!!
 
Vaniljekake fylt med jordbærsyltetøy,
ferske jordbær og kvit sjokoladeostekrem.
Kaka er trekt med Pals Marsipan, medan pynten er laga av heimelaga sukkerpasta.
 
 
2 lag med bær, og 1 lag med kvit sjokoladeostekrem.

 
Ei glatt overflate er viktig for eit godt resultat.
 


Eg gjekk for eit firkanta kakebrett denne gongen.
Det vart trekt med marsipan, og pynta.
 


Den ferdig kaka!
All pynt er laga av heimelaga sukkerpasta. Bilete i ramma er også etande. :)
Fotspora er skoren ut på frihand.


 
Eg pynta ramma med bamsar, kaniner, gyngehest og liknande. :)
 

 
Gyngehest

 
Babyen på toppen har fått på seg ei lita selebukse, og ein caps.
 

Håpar de likte kaka. :)
Legg gjerne igjen ein kommentar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)