fredag 4. desember 2015

Sjokoladebombe

I kveld skal eg på julebord med jobben,
og eg meldte meg frivillig til å lage noko godt til kaffien.
 
Eg tenkte litt på kva type kake eg skulle lage, men til slutt falt valget på ei skikkeleg bombe av ei sjokoladekake. :)
 
Saftig sjokoladekake, fylt med oreokrem og salt karamell.
Smurt opp med ein silkemjuk sjokoladekrem.
 
 
Oppskrifta på Oreokrem
 
200gr Philadelphia kremost
2,5dl melis
3 dl kremfløyte
Oreo kjeks
 
Ta fyllet ut av Oreo-kjeksene, og knus kjeksene
(eg brukar å ta kjeksene i ein plastpost, og slå på dei med ein kjevle.)
Fyllet frå kjeksene, piskar eg saman med melis og kremost.
Bland osteblandinga med piska krem.
Ha i dei knuste kjeksene.
 
Denne kremen smaker godt både inni kaker, og som topping på cupcakes.
 
 Kaka er fylt med to lag Oreokrem, og eit lag salt karamell.
På toppen har eg pynta med Nøtte-kulene eg laga forrige helg. Dei finn du oppskrift på HER
Salt karamell finn du oppskrift på HER
 
 
Nokre Oreo-kjeks delt i to, vart også ein del av pynten.
Ei skikkeleg SJOKOLADEBOMBE! :)

 
Håpar du får ei fantastisk helg!!!!
 


3 kommentarer:

  1. Hvor er selve kake oppskriften?

    SvarSlett
  2. Hvor er selve kake oppskriften?

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppskrifta på sjølve kakebunnen fekk eg på eit kurs eg var på. Den kan eg dessverre ikkje dele. Men eg kan sei at den er ein variant av Annas Favorittsjokoladekake. :)

      Slett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)