lørdag 9. april 2016

Grove frukostrundstykker

Inneheld sponsa produkt
 
Endeleg helg, og endeleg tid til late frukostar.
Ein av dei få fordelane med å ha ungar som vakner grytidleg, er at ein får tid til å lage rundstykker.
 
 100gr havregryn
150gr Grovmalt Rugmjøl
200gr Fibra finmalt fullkornskveitemjøl
100gr  finmalt speltmjøl
50 gr kveitemjøl
1 ss sukker
1 ss salt
1 pose tørrgjær
1 dl olje
ca. 4 dl lunka vatn
 
Rør saman alle dei tørre ingrediensane.
 
 
Ha i litt og litt vatn, til du får ein ganske klissete deig.
Ha i olje, eg brukar Vita hjertego` Matolje.
Elt i maskin i minst 10 min. Justèr med meir vatn eller kveitemjøl, alt etter korleis deigen ser ut.
Den skal vere ganske klissete.
Ha litt olje på hendene, og samle deigen til ein ball,
 før du dekker med plast og lar den heve ca 1 time.
Hell deigen ut på kjøkkenbenken, og trill til små rundtstykker.
Om du vil, stør du t.d. graskarkjernar og/eller solsikkefrø på kjøkkenbenken, før du ruller rundstykkene over. På den måten "fangar" du frøene inni rundstykket.
 
Sett rundstykkene på eit brett, og la dei heve under plast ca 45 min.
Pensle rundstykkene med mjølk rett før du set dei i steikeovnen.
Forvarm ovnen til 225 gr. C, og steik rundtstykkene i 5 min, før du skrur ned varmen til 205gr. C.
Steik til dei er lysebrune, ca 10-15 min.
 
 
Våre rundstykker vart etne med blautkokt egg, og ein stor kopp kaffi til.
Eg trur faktisk at desse er dei beste rundstykkene EG har laga.
Dei var litt sprø utanpå, men deilige og mjuke inni. Saftige og gode.
 
 
Eg håpar du får ei fantastisk flott helg!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)