søndag 24. april 2016

Bursdagshelg

Phu! Då var bursdagshelga over, og eg kan legge beina høgt.
Me har hatt eit kjempekoseleg bursdagsselskap i dag, med masse familie.
 
I tillegg til empanadas med kylling,  pizzasnurrer og pølser i brød,
måtte me sjølvsagt ha eit lite kakebord også.
 
 Eg fekk dessverre ikkje plass til alt på kakebordet, så makronene og eplesnurrane måtte stå på kjøkkenbenken.
Me hadde familieselskap for å feire begge våre søte små.
Johannes vart 5 år i mars, men sidan han allereie hatt fått dinosaurkake då han hadde barnseselskap, måtte han "nøye seg" med denne sjokoladekaka.
 
 
 Inni sjokoladekaka er det appelsincurd og bringebærmousse.
Fyrste gong eg har laga såkalla "Drip-kake". Eg klarte dessverre å stable kaka litt skeivt, og det var litt vanskeleg å helle sjokoladen fint, men heldigvis smakte kaka godt. :)
 
Lillesnuppa vart 3 år i går, og ho hadde lagt inn bestilling for lenge sidan.
Ho ville ha rosa kake med bamsar og Elsa på.
Eg valgte å bytte litt om, så det vart rosa bamsar og Elsa på ei kvit kake.
Ho tilgav meg heldigvis. :)
 
 Under marsipanen er set sukkerbrød fylt med heimelaga vaniljekrem, jordbær og piska krem.
Eg prøvde meg på eit meir ordentleg ansikt, men fekk det ikkje til.
Derfor vart Elsa sjåande slik ut.
Eg synes ho vart søt allikevel. :)
 
I kveld skal eg slappe heilt av, men i morgon er det på `an igjen, då eg skal bake ei kake til konfirmasjon neste helg.
 
Håpar du får ei superfin veke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)