tirsdag 5. april 2016

Tradisjonell tysdag

Etter fyrst ei vekes påskeferie, og så ei vekes vinterferie etterfulgt av ein dag med tilvenning i ny barnehage, var det no tilbake til tilnærma kvardag.
Og kva kan ein feira kvardagen med?
Ein skikkeleg god, gammeldags, tradisjonell godbit:
Rullekake med jordbærsyltetøy!
 
4 egg
1,5 dl sukker
1 ss lunka vatn
2,5 dl kveitemjøl
1/2 ts bakepulver
1/2 ts vaniljesukker
 
Syltetøy
(eg brukte jordbærsyltetøy)
 
Pisk egg og sukker til stiv eggedosis.
Pisk eggedosisen i 10-15 min. på full styrke, sett så ned farten, og ha i 1ts. vatn.
Pisk i 5 min. til.
Sikt kveitemjøl, bakepulver og vaniljesukker, og ha det forsiktig i røra.
Vend kveitemjølet inn i røra.
 
Bre røra utover eit steikebrett kledt med bakepapir, og steik på 210gr C i 8-10 min.
 
Medan kaka steiker, legg du eit (reint) vått kjøkkenhandkle på kjøkkenbenken,
og strør eit lag sukker på.
Når kaka er ferdig steikt, kvelver du kaka over kjøkkenhandkle, 
fjerner bakepapiret, og brer utover syltetøy.
Rull sammen kaka, og rull det våte kjøkkenhandkle rundt.
La kaka verte avkjølt på benken.
 
 
Kan serverast med piska krem, eller berre eit lite melisdryss.
 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)