onsdag 20. april 2016

Osterundstykker

Sponsa innlegg
Forrige helg var verkeleg den store bakehelga.
Fredag bakte eg Miniempanadas med kylling,
laurdag bakte eg pizzasnurrar, og søndag bakte eg både rundstykker til frukost,
epleknuter, skillingsbollar og "kjegler".
 
Rundstykkene eg laga til søndagsfrukosten vart rett og slett VELDIG gode, om eg skal sei det sjølv.
Til og med ungane slukte dei, og dei foretrekker fine rundstykker.
 
 
Deig:
300 gr Fibra Finmalt fullkornskveitemjøl frå Møllerens
100gr Finmalt sammalt Rug frå Møllerens
500gr kveitemjøl
1 ss salt
2 ss sukker
ca 2 dl nøytral olje
50 gr gjær
4-5 dl lunka vatn
Melk til pensling
Ost på toppen
 
Bland saman dei tørre ingrediensane før du har i det våte.
Elt deigen godt, gjerne for hand.
For meg som ikkje likar å gå på treningssenter, vert elting og baking som ei treningsøkt.
 
 På bilete over arbeider eg med bolledeigen, laga med 3 kg kveitemjøl. Du kjenner det godt i armane etter å ha knadd på denne i 10 min! :)
 
Hev deigen under plast, ein liten time før du ruller ut små rundstykker.
Hugs at deigen vil heve meir under etterheving og steiking.
Hev deigen 30-45 min. før du pensler med melk, strør på litt ost, og steiker på 225gr i 10-15 min.
Alle ovnar steiker forskjellig.
 Desse rundstykkene vart rett og slett perfekte (om eg skal seie det sjølv).
Luftige, med litt sprø steikeskorpe, men gode og mjuke inni.
 
 
Servert med eggerøre og spekeskinke.
Kan ein be om betre helgefrukost?
 
 Dei metta godt, så både eg og mannen var forsynt etter 1 1/2, men guttungen likte dei så godt at han åt i alle fall 2 heile!
 
Etter frukost bakte eg ein haug med bollar.
 
Då brukte eg oppskrifta på Verdens beste bollar frå Det søte liv.
1/3 av deigen vart til kjegler som kan fyllast med bær og krem,
1/3 vart til epleknuter fylt med eplesyltetøy og kanel,
og den siste tredjedelen vart til vanlege skillingsbollar med kanel og sukker.
 
No er frysen nesten full, så, då er det berre litt kakepynt og kaker igjen å lage, før me er klare for feiring av treåring og femåring på søndag. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)