Heilt ifrå Jojo berre var eit par veker, har eg bada han kvar kveld. Dette er fordi han ELSKER vatn, og fordi dette har blitt ein del av vår kveldsrutine. Han søv kjempegodt etter eit bad.
Eg er heldig, då me har badekar i stellekommoden. Der er det ein liten tapp, som fungerer som kork, slik at vatnet ikkje skal renne ut. Når ein er ferdig å bade, kan ein dra ut korken, og då kan vatnet renne ut gjennom ein slange og ut av karet. No har det seg slik, at eg ikkje har slangen tilkobla. Eg pleier nemlig løfte heile karet utav for å tømme det i dusjen.
Gjett kva som skjedde i går...
Joda. Jojo klarte å dra utav tappen... Eg oppdaga det ikkje før eg tok gutten ut av badekaret...
Og vips, der var alle bodyane som eg hadde lagt på plass dagen før, klissblaute. Gulpefillene var våte, og q-tipsen var våt. Vatnet rann fiiiint utover golvet. Då var mor fornøyd!
I dag trur eg at eg skal be gubben lime fast den tappen i karet!!
Heldigvis hadde me hatt ein kjempekjekk dag før dette skjedde. Me var nemlig på babysvømming for fyrste gong! Her er lille skatten min!
Ha ein strålande dag!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)