tirsdag 20. september 2011

Vanilla cupcakes, og glutenfrie cupcakes

I morgon har eg tenkt å ta meg ein tur for å besøke gode kollegaer på jobb.
Derfor har eg brukt ettermiddagen på å bake litt.
Nokre av mine kollegaer er allergiske mot gluten, så derfor tenkte eg å ta hensyn til dette.
Dei blå muffinsen er glutenfrie med ein delig smørfrosting på.
Dei rosa er vanillacupcakes med ostefrosting på.
Deilige begge to.
Eg kan samtidig reklamere for Toro sin pose med glutenfritt mel.
Eg har ingen erfaring med å bake glutenfritt, men muffinsen vart kjempegod! :o)

Problemet med muffins, er at det er litt vanskeleg å frakte med seg...
Iallefall om ein ikkje har ein slik:
Denne boksen tar 36 muffins, og er absolutt genial!
Eg vurderer allerede om eg skal kjøpe ein til.

No håpar eg berre at alle vert glade når eg og Jojo kjem for å live opp
lunchpausen, på ein heilt vanleg onsdag.

(heilt vanleg er den forsåvidt ikkje, Jojo har faktisk "bursdag" i morgon!
Han er heile 6 månadar i morgon! Store, lille gutten til mamma! <3 )

3 kommentarer:

  1. Vil ha oppskriften på de glutenfrie muffinsa!!!

    SvarSlett
  2. så flink du er :D ååååh hvor er boxen kjøpt henne a?? å jah har du oppskrifta på muffinsene.

    SvarSlett
  3. Boksen har eg kjøpt på Wallendahl. Den var heilt super å bruke i dag, då eg skulle frakte muffins med meg ut på jobb.

    Trur eg må kjøpe meg ein til! :o)

    SvarSlett

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)