mandag 28. mars 2016

Bursdagsprofiteroles

Jada, eg skjemmer han bort! :)
Mannen er veeeeldig glad i små vannbakkels fylt med vaniljekrem, også kalt Profiteroles.
Så, då han vart litt sein heim frå fisketur i går, utnytta eg sjansen til å overraske han med slike også.
 
Vannbakkelsrøre
2 dl vatn
90gr smør
1/4 ts salt
120gr kveitemjøl
150gr egg (ca 3 stk)

Kok opp vatn, salt og smør i ein kjele.
Når det koker, ta kjelen av platen, og la kjelen stå med logg på til smøret er smelta.
Sett kjelen tilbake på plata, og kok opp væska.
Tilsett mjølet og rør med ei tresleiv i kjelen til alt mjølet er rørt ut i væska.
Fortsett å røre til deigen samlar seg og slepp kantane. Det tar ca 30 sek.
Ta kjelen av plata, og la deigen avkjølast i 2 min.

Rør inn eggene eitt av gongen med ein kraftig håndvisp, eller i ei kjøkkenmaskin med grind.
Det er viktig å røre godt mellom kvart egg.
Når deigen er ferdig til bruk, skal den vere jevn og seig.

Forvarm ovnen til 180grC.
Fyll vannbakkelsrøra i ein spøytepose med rund tyll, med diameter på  1cm.
Sprøyt små kuler på størrelse med ei valnøtt på eit steikebrett kledd med bakebapir.
Steik vannbakkelskulene i ca 20 min.
Det er viktig å ikkje åpne ovnen under fyrste halvdel, for då kan kulene dette saman.
Stikk eit lite hol i kvar kule rett etter at du har tatt dei ut av ovnen, for å sleppe ut damp.
 Då held dei seg sprø og gode.

Vannbakkelsen kan du fylle med piska krem, kaffikrem, vaniljekrem osb osb. :)

Eg fylte mine med vaniljekrem.
1 vaniljestang
2 dl + 1/2 dl H-mjølk
3/4 dl kremfløyte
55gr sukker
30gr eggeplommer (ca 2 små eggeplommer)
20 gr maisenna (2 ss)

Splitt vaniljestanga og skrap ut frøene.
Ha 2 dl mjølk, vaniljestang,.frø, fløyte og sukker i ein kjele,
rør det saman og varm det til kokepunktet.
Ha resten av mjølka og maisenna i ein bolle og visp det lett saman.
Visp inn eggeplommen i melk- og maisennablandingen. Hell 2/3 av den varme væska oppi eggeblandingen litt etter litt mens du rører med ein visp.
Hell deretter blandinga tilbake i kjelen.
La blandinga koke opp og småkoke i  minutt, medan du heile tida rører i bunnen av kjelen med ein visp, slik at kremen ikkje svir seg.

Ta ut vaniljestanga etter at kremen har kokt. Hell kremen over i ein bolle.
Det er viktig at kremen vert fort avkjølt etter at den er kokt.
Dekk kremen med plast (plasten skal ta nedi kremen for å forhindre snerk) og sett den i kjøleskapet.
 
 Bursdagslys på, klare for å vekke mannen med bursdagssong.
 
 Eit lite melisdryss, før servering til kaffien.
 
Mmmmmm!
 
Håpar du har hatt ein kjempefin påske!
 I morgon startar vinterferien for meg, og eg har dagane fulle med forberedelser til kake neste helg.
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)