torsdag 31. mars 2016

"Gravøl" -cupcakes

I dag er ein trist, trist dag for oss.
Gode, fine barnehagen vår stenger i dag.
Me har vore så heldige at ungane har gått i barnehage ca. 25 meter frå huset vårt.
Det har vore heilt supert!
Det har vore utruleg praktisk for oss foreldre, i tillegg til at ungane har storkost seg der.
Gode, flinke, snille og trygge vaksne
har gjort sitt beste for at kvardagen til våre barn skulle bli best mogleg.
 
Men, dessverre har ikkje eigarane vore like flinke og gode.
Dei har rett og slett kjørt heile barnehagen på dunken.
Dei har svindla og lurt, og no må borna mine begynne i ein ny barnehage, midt i semesteret, og dei gode damene som har jobba der står utan jobb.
Det er rett og slett tragisk!
Heldigvis har ungane fått plass i ein ny barnehage, og skal begynne der på mandag.
Men i dag, har me lov til å vere triste. I dag var det avslutnings"fest".
 
Eg meldte meg til å lage cupcakes.
Eg valgte å lage vaniljecupcakes med ein silkemjuk frosting som eg smaksatte litt med sitron.
 
Vaniljecupcakes
4 dl sukker
250gr smør
4 egg
2 dl mjølk
3 ts bakepulver
6 dl kveitemjøl
2 ts vaniljeessens
 
Forvarm ovnen til 175 gr.C
Rør smør og sukker kvitt.
Visp inn eggene, eitt om gongen.
Ha i mjøl og kveitmjøl/bakepulver vekselvis.
Ha i vaniljeessens.
Fyll cupcakeformene ca 2/3 fulle.
Steik kakene midt i ovnen i ca 20 min.
Oppskrifta gjev ca. 24 cupcakes
 
Sitronfrosting
2 dl mjølk
1,5 dl kveitemjøl
250gr kjøleskapskaldt smør i små terningar
250gr melis.
 Smak til med safta frå ei sitron.
 
Kok opp mjølk og kveitemjøl til ein pudding, og la det verte heilt kaldt.
Pisk melis, smør og pudding saman i ca 15 min. I starten kan det sjå ut som om frostinga skiller seg, og alt er øydelagt, men berre pisk vidare.
Ha i ferskpressa sitron. Smak deg til.
Min frosting vart litt tjukk, så eg spedde med mjølk til eg fekk ein fin konsistens.  
Tilsett den fargen du vil ha.
Frostingen min vart farga rosa, og kvar cupcake fekk ein liten pynt av fondant
(alltid greitt å ha eit lite lager av blomar, knappar, snøfnugg og sommarfuglar liggande. )
 
 
 Eg bakte også sjokoladecupcakes med Oreokrem.
Veldig greitt å ha ein stor boks å frakte kakene i.

 
Alle cupcakesene forsvann, så då rekner eg med at dei smakte godt. :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)