søndag 20. mars 2016

Den store bursdagsfeiringa

I morgon fyller den lille, store gutten min FEM år!!
Han har vore fryktelig klar, leeeeeenge! :)
Dagen skal han feire i gymsalen på skulen der eg jobbar, ilag med to veninner frå barnehagen, som også har bursdag no i mars.
 
Eg tilbydde meg å lage kaker, og fann fort ut at me måtte ha to kaker. Ei med dinosaurer, til den dinosaurfrelste guten min, og ei med Frost-tema til dei to jentene som elsker Elsa og Anna.
 
 
J hadde ei klar bestilling på korleis kaka hans skulle sjå ut, ein T-Rex og ein Triceratops nede, og ein Brachiosaur oppe... Så.... Då var det opp til mor å fikse resten.
 
Eg fann fort ut at er det bursdag, så er det brusdag.
Kaka "måtte" ha to etasjer. :)
Så eg laga to bunnar saftig sjokoladekake 20cm og 17cm.
Eg laga også to bunnar med vaniljekake i same størrelse, til Frost-kaka.
 
Så var det å få til nokre dinosaurer.
Brachiosaur er ein Sauropod, med laaaaang hals, og laaaang hale.
Det betyr at den må ha noko støtte inni seg, slik at ikkje hals og hale sig ned.
Uheldigvis var den ikkje heilt samarbeidsvillig... Eg skulle nok tatt endå meir CMC i sukkerpastaen.
Men, den sto no til slutt.
Reaksjonen då J såg dinosauren stå til tørk på kjøkkenbenken gjorde det også verdt det heile.
Han hoppa opp og ned og var heilt i hundre!
 
T-Rex`en fekk lov til å holde 5-talet, og Triceratopsen står berre og ser søt ut. :) 
 
Eg skal innrømme at eg synes denne vesle karen var skikkeleg søt!
 
 
 Så, heile den biiiiittelille kaka.... :)
Brachiosaur på toppen, og T-Rex og Triceratops nede.
Eg håpar jubilanten er fornøyd! :)
 
 
Under sukkerpastaen, er det sjokoladekake fylt med Oreokrem og sjokoladekrem.
 
Frost-kaka kjem i eit eige innlegg.
Håpar du får ein super søndag!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)