mandag 14. mars 2016

Restelapper

Søndag er ofte grautdag her i huset, og i går var det risgraut til middag.
Denne gongen vart det ein del til overs, så då fann eg ut at me måtte ha noko godt til kvelds i kveld.
 
 
5 små egg (har du store egg, held det nok med 3)
ca 5 ss sukker og kanskje ein liten dæsj vaniljesukker
1/2 ts kardemomme
3 dl kveitemjøl
ca. 5 dl ferdig risgraut
 
Bland saman egg, sukker, kardemomme og kveitemjøl.
Ha så i risgrauten, og bland det godt.
La røra svelle i ca 15 min.
 
Steik små lappar.
Ikkje ha for varm steikepanne, då dei må få tid til å bli gjennomsteikt utan å verta svidd. ;)
Server med bær, syltetøy, honning, lønnesirup eller det du synes er godt.
 
Rislappar minner meg alltid om Barna frå Bråkmakergata av Astrid Lindgren.
Då borna er på besøk hos mormor og morfar, og dei sit oppe i trehuset og et rislappar. :)
Hugsar du den historia?
 
Håpar du får ei fantastisk veke!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)