søndag 27. mars 2016

Bursdagsterte med salt karamell og ganache

I dag har mannen bursdag,
og eg fann ut at det var ein ypperleg anledning til å bake noko eg har hatt lyst til å prøve lenge.
Sjokoladeterte med salt karamell og sjokolade ganache.
 
 
Fyrst laga eg mørdeig med sjokolade.
 
125gr kaldt smør i små terningar
90 gr melis
 1 egg
250gr kveitemjøl
30 gr bakekakao
 
Fyrst kjørte eg smør, kveitemjøl, kakao og melis i ein Food processor til smøret var godt fordelt i mjølet.
Så tilsatte eg egget, og kjørte alt saman til ein deig.
Pass på at du ikkje arbeider for mykje med deigen,
for å unngå at den trekker seg saman under steiking.

Pakk deigen godt inn i plastfilm, og la den kvile i kjøleskapet ca 1 time.
Eg brukar litt mjøl på kjøkkenbenken, for så å kjevle ut mørdeigen.
Av denne deigen fekk eg 4, 15 cm papirformer.
Prikk bunnen lett med ein gaffel, og la den kvile i kjøleskapet i 30 min før steiking.
Varm ovnen til 180 gr C.
Legg eit stykke bakepapir over tertebunnen og fyll på med tørka erter/ ris el.l.
 
 
Steik bunnen midt i ovnen i 15 min.
Løft ut ertene og steik vidare i ca 10 min. til bunnen er ferdig steikt.

Salt karamell lagar eg slik:
2 dl sukker
1 dl sirup
1 dl vatn
1 dl kremfløyte
80gr smør
1-2 ts flaksalt

Bland sukker, sirup og vatn i ein vid, tjukkbunna kjele.
La blandinga koke opp, og så småkoke utan omrøring til sukkerlaken er gyllenbrun.
Rør inn kremfløyten (det spruter og freser ein del) og deretter smøret.
La alt koke roleg ei stund.
Kontroller konsistensen ved å dryppe karamell ned i ei glas kaldt vatn. Om du kan rulle ei kule er karamellen klar.
Ta kjelen av varmen, og rør inn flaksalt.
Hell karamellen i dei ferdigsteikte tertebunnane.
 
 
Sett tertene kjøleg ein times tid, før du lager ganache.
300 gr Calleabaut mørk sjokolade
3 dl fløyte
50 gr mjukt smør i bitar
Varm opp fløyten til kokepunktet.
Hell den varme fløyten over sjokoladen, og rør til sjokoladen har smelta.
Rør inn små bitar med smør.
 
 
Hell ganachen over tertene, og dryss litegranne flaksalt over.
Sett tertene kjøleg ca 2 timar.


 Neste gong vil eg nok ha litt mindre, og litt lysare sjokolade på toppen.
Utanom det, var terta kjempegod!!! :)

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg vert veldig glad for ein kommentar! :o)